Sommarjobb i Nordfjord
Vi hjelp studentar med å finne relevant sommarjobb i Nordfjord
I 2022 var det over 100 studentar frå 14-29 år som meldte ønske om relevant sommarjobb i Nordfjord Med dette utgongspunktet hadde vi lyst å ta prosjektet «Sommarjobb i Nordfjord» til eit nytt nivå og søkte Vestland Fylkeskommune (VLFK) om midlar til å gjere 2023 til det året der Nordfjord blir fyllt av sommarglade studentar.
VLFK meinte dette var ein god ide og fleska til med nesten 500.000kr til dette prosjektet som gjorde at vi kunne ta «Sommarjobb i Nordfjord» til eit nytt nivå. Vi er allereie i gong med å planlegge for 2024 – følg med!
SOMMARJOBB I NORDFJORD?
Vi ønskjer å hjelpe deg å få sommarjobb i Nordfjord. Dette er heilt uforpliktande og vi vil kun dele informasjonen om deg i anonymisert form med mindre vi har avtalt med deg på førehand.
TILSETTE NOKON I EI SOMMARJOBB-STILLING?
Har de ledige stillingar i sommar og har lyst å tilby desse til dei rette personane? Legg stillinga ut på arbeidsplassen.nav.no og legg til #sommarjobb #sommarjobbnordfjord på slutten av stillingsteksten.
SOMMARPROSJEKT?
Vi ønskjer å legge til rette for at ei eller fleire bedrifter lagar eit sommarprosjekt for fleire studentar. Om dette er av interesse ta gjerne kontakt for å diskutere korleis ein kan få til dette.
VANSKELEG?
For mange bedrifter kan det vere utfordrande å tilsette ein student i ein sommarjobb men i staden for å sjå på utfordringane bør bedriftene sjå på muligheitene:
- Kanskje har studenten siste eksamen i mai/tidleg juni og kan jobbe nokre veker før og/eller etter fellesferien?
- Kanskje kan fleire bedrifter gå saman om å ha fleire sommarstudentar og lage eit felles prosjekt?
- Kanskje passar det ikkje denne sommaren men du har i alle fall knytta kontakt med studenten og det blir ei prosjektoppgåve, bachelor-/masteroppgåve eller kanskje sommarjobb neste år?
Saman skal vi klare å få relevant sommarjobb til alle studentane!
Kontakt oss
- Hegrevegen 1, 6783 Stryn
- +47 975 30 535
- anders@nordfjordakademiet.no
- LinkedIn – Instagram