Hopp til innhaldet
Tilgjenge

Ei nettside for alle.

Vi vil at alle skal kunne bruke nettsida vår, same kva utstyr eller behov dei har. Målet er å oppfylle WCAG 2.2 på nivå AA. Her fortel vi kva vi har testa, kva som står att, og korleis du seier frå.

Kva vi har testa

Vi gjekk gjennom alle sidene 22. oktober 2026:

  • automatisk test med axe mot WCAG 2.2 AA
  • bruk med berre tastatur: fokus, rekkjefølgje, menyar, søk og dialogar
  • 9 skjermstorleikar, frå 320 px mobil til 1920 px skjerm
  • Safari-motoren (WebKit) i tillegg til Chrome

Etter testen retta vi m.a. sidelengs rulling på små mobilar, fokus i søk og dialogar, feilmeldingar per felt i skjemaa, ei «hopp til innhaldet»-lenke og storleiken på små knappar. Seinare har knappane på oversikta over superbedriftene fått namnet på bedrifta, og hovudfunna i ungdomsundersøkinga er merkte som overskrifter.

Kjende manglar

Dette står att, og vi jobbar med det:

  • Kontrast: noko rosa og grå tekst, og nokre titlar på farga flater, har lågare kontrast enn kravet.
  • Teksting: videoar der folk snakkar, har ikkje teksting enno.

Sei frå til oss

Får du ikkje til noko på nettsida, eller finn du noko som ikkje verkar? Skriv til anders [at] nordfjordkompaniet.no, så svarar vi så snart vi kan.

Klage

Er du ikkje nøgd med svaret frå oss, kan du klage til Tilsynet for universell utforming av ikt.

Endringar

Sist oppdatert: 23. oktober 2026.